fredag 10. oktober 2014

Promofilmen til Skepsisveka 2014 - "med Gud på tiltalebenken"


Programmet til skepsisveka neste veke!







Om du vil vere med på å bidra økonomisk, og på den måten velsigne arbeidet vi gjer til Guds ære vert dette verkeleg satt pris på!
Kontonummeret til VOKS er: 3991 08 42629

Ellers så sett vi pris på bønn!
Gud er sentrum i denne veka, hugs å gi Han ære for alle dørene Han opnar!
Om du vil vere med i eit bønnefellesskap for veka så treffast vi kvar dag neste veke 08:00 til 09:00 på a-paviljongen som ligg bortom Aasen.
Du treng ikkje vere medlem i VOKS for å ta del på bønnemøta!


Vonar du vil komme!
Gud velsigne deg rikeleg!

lørdag 27. september 2014

Gode hjelparar

Heisann godtfolk. Konge viss dere vil være med på å sette deres preg på Voks, og hjelpe til på torsdagsmøtene =D
Viss dere vil være med å hjelpe til en gang i blant så kan dere svare --> HER <--

onsdag 24. september 2014

Betaling "Voks dypere"

Heihei!
Igjen, tusen takk for ei meget bra helg på Fjellsetra!
Vil berre minne om at dei som ikkje fekk betalt for helga, kan betale via nettbank.
Pris:
450 kr ikkje medlem
300 kr medlem
(100 kr medlemskontigent (for dei som vil))

Sååå, om du vil vera kjempe økonomisk så kan du betala meldklemskontigent, så spare du heile 50kr!! :) Om du vil bli medlem, gå innpå DENNA linken.

Kontonr: 3991.40.37496

Ha ein finfin dag viare:)!


tirsdag 23. september 2014

"VOKS dypere"

I helga var vi på tur til "Fjellseter ungdomssenter". Vi var rundt 30 stk som var samla og hadde fokus på å bli bedre kjend med våre eigne styrker, dei andre deltakarane og Gud.



                                            
Andreas i full sving på kjøkkenet. Så dreven at han får det ut til å sjå festleg ut å skjære lauk.


                                       
 Vi starta helga med å ha uncoverkurs  i smågrupper, noko som var heilt fantastisk. Dette gav oss moglegheita til å diskutere tru, og til å sjå Bibeltekstane henta ifrå Lukas frå ein annan synsvinkel.



På laurdag vart vi ein gjeng som padla oss ein tur, og tende bål som vi samlast rundt medan vi åt lunsj.

Bålet tok en smule av, men no worries fordelen med å ha med seg friluftslivfolk er at dei har full kontroll på det meste. 

Friluftslivfolk vert og veldig fasinert over dyrelivet/insektslivet. Som gjorde at dei fort vart litt "fanga" i si eiga verden. 


Truls laga så mykje styr at vi satt han i frå oss på ein holme....



Mellom samlingene greip Natalia moglegheita til å flette hår(noko som ho er ekstremt dyktig til)

På kvelden delte vi oss igjen i smågrupper og gjekk igjennom styrkene til dei forskjellege på gruppa. Det vart veldig godt å få bekrefta eigne styrker, samtidig som ein vart meir merksam på styrkene til dei andre i VOKS. 


 Som ein kan sjå på bilete over består VOKS av ein fantastisk gjeng med mange gode styrker.
Om du har høyrt andre fortelje om strenghtsfinder, og kunne gjerne ha tenkt deg å finne dine eigne styrker så kan du kontakte Janne-Renate (på facebook sidan ho mista mobilen iløpet av helga) så får du kode og bok med henne. (boka kostar 200 kroner)




Vi avslutta helga med at Bjørn-Inge fortalde om kvinna som salva føtene til Jesus, og kor Jesus vart møtt av denne kvinna iforhold til korleis Simon behandla han. Og kor mykje kjærleik Jesus hadde for dei beste. (anbefalar deg å lese historia sjølv! du finn den i Luk 7:36-50)



Takk for ei fantastisk helg!
Så herleg å tilbringe ei helg saman med så mange supre folk!
God bless!

onsdag 17. september 2014

Info om "Voks dypere"

Opplegg og litt praktisk info i forhold til "Voks dypere" helga!

Fredag
18.00 Middag
Bli kjent leikar/bål/spel
Eventuell lovsang rundt bålet

Lørdag
08.30 Vekking, personlig tid
09.00 Frukost, hugs lunsj
10.00 Bibelstudie --> joh 17
11.30 Fjelltur/kanotur/fisking
16.00 Middag
17.30 Strenghtsfinder
19.30 Bål/delekveld/klimpring/spele spel

Søndag
08.30 Vekking, personlig tid
09.00 Frukost
Heimreise

Det kan skje nokre forandringar i programmet.

Pakkeliste:
Sengeklede (eventuelt sovepose)
Greit å ha med seg toalettsaker, med tanke på å skape eit godt førsteinntrykk.
Klede + turklede visst du tenkjer å vere ute
1 brød og 1 pålegg
Bibel og skrivesaker
Spel
Godteri - woop woop
Matboks
Frisbee/line/volleyball
Pengar til både sjåfør og til betaling av sjølve Voks-helga

NB: Om du ikkje har mottatt ei melding med kode av Janne, er du ikkje påmeldt til helga. Om du tenkjer å verte medlem av laget for å spare pengar bør dette gjerast seinast torsdag (slik at det vert registrert til at vi sjekkar over medlemslista før avreise på fredag)

fredag 12. september 2014

Voks dypare, meg, Gud og kvarandre!



Fredag 19 september til søndag 21 september vil årets mest episke helg utspille seg på Fjellseter Ungdomssenter. Det blir ei helg med mykje moro, gode andakter og ikkje minst mange nye fjes å verte kjend med.

Prisen for heile helga blir KUN 300,- for medlemmar og 450,- for ikkjemedlemmar. Men her kan du gjere årets deal. Det koster nemleg kun 100,- å bli medlem, og tenk for eit fantastisk arbeid du støttar. Medlem kan du bli ved å trykkje --> HER <--
Hugs berre å melde inn Studentlaget i Volda som ditt lag.
Ta med kontantar for å betale helga.

For å melde deg på helga kan du berre trykkje --> HER <--
Ta med eit brød og eit pålegg. Og hugs 30 kr til sjåføren kvar vei. Altså 60 kr viss du sit på fram og tilbake.

Oppmøte nedenfor Kaarstad kl 16.00, avreise ca. 16.30

I løpet av helga vil me også prøve å ha litt opplegg rundt strengsfinder, som er ein test der ein kan finne sine styrker.
Viss du vil ta testen men ikkje vil vere med på sjølve helga kan du ta kontakt med Janne Renate på 48287698


English

Friday, September 19 to Sunday, September 21, this year's most epic weekend unfold at Fjellseter Youth Center. It will be a weekend with plenty of fun, great devotions and not least many new faces to get to know.

The price for the whole weekend are ONLY 300,- for members and 450,- for non members. But here you can make this year's greatest deal. It only costs 100, - to join, and think for a wonderful organization you support. Members can join by pressing --> HERE <--

Bring cash for the weekend.

Remember only to enroll Student in Volda as your organization.

To register for the weekend, press --> HERE <--

Bring a bread and a topping of your choice. And remember 30,- to the driver each way. Thus 60,- if you ride both ways.

Attendance below Kaarstad at 16.00, leaving approximately at 16.30


We also wish for all those who are going to join the weekend to take a Strengthsfinder test. If you´re not going to attend the weekend but still want to take the test you can contact Janne Renate at 48287698

Capture the flag!


I går hadde vi "capture the flag" på VOKS.Vi delte oss inn i to lag og ganske så fort var alvoret i gong.



Arnstein voktar grensa, men Anders Slinning utfordrar skjebna gong på gong for å vinne.

Førte til at Anders var ein av dei store heltane på sitt lag, og kapra flaske på flaske.
Her vert han ledsaga av Anders Boye, som hadde minst like stort konkuranseinnstinkt.
Med andre ord var dei like rapgalne begge to!


Det eine laget gøymde sine flasker (flagg) ned med elva. 
Noko som førde til at mange av deltakarane
fikk seg nokre herlege svømmeturar i kampens hete.

Heile laget samla seg saman for å verne om flaskene med ein gong nokon høyrde lydar.

                          
Håvard tok seg eit svalestup ned i elva for å få tak i ei flaske.



                                 
 Great success!



 Den andre gruppa hadde sin base i skogen. 
           Noko som gjorde at det vart ei heilt grei utfording
å få tak i flaskene når det byrja å bli mørkt.



Stig kjempa seg framover.



Laget samla seg i forsvar.



 Men på ein eller annan mystisk måte klarte han å vinne over det andre laget, 
og knabba med seg ei flaske tilbake til si base,

Når mørket kom smygande byrja nokon 
på dei forskjelle laga med haudelykter. 


Håvard Heimark leia ann.

  


Førte til at det laget som hadde færrast haudelykter gav seg.




Men den gode stemninga holdt fram, med "capture the flag" på området ifrå 
slakklina og mot skogen.

mandag 8. september 2014

Korleis verte medlem i VOKS?

kjære godtfolk!
her kjem litt info om korleis ein kan verte medlem av VOKS.
VOKS er avhengig av støtte frå forskjellege samarbeidspartar for å få arrangert aktivitetar i løpet av året.
Jo fleire medlemmar vi har, jo meir støtte får vi, og jo meir støtte vi får desto meir kan vi ta av i løpet av året!
Om du ikkje er student ved høgskulen i Volda så kan du verte støttemedlem, det er berre å følgje instruksane som kjem nedanfor.
Med å støtte VOKS, støttar du og laget som gjer mykje bra arbeid rundt om på skulane og høgskulane i landet. Om du vil holde deg oppdatert på laget sitt arbeid på lagsarbeidet som skjer i ditt nærmiljø eller Noreg generelt kan du like Laget på: https://www.facebook.com/LagetNKSS?fref=ts og Laget i Møre og Romsdal som du finn her: https://www.facebook.com/lagetMR?fref=ts
På førehand takk!
Om du allereie har registrert deg (alså vore medlem i VOKS eller laget før) veljer du logg inn min side og går deretter inn på medlem som er til høgre i margen. Der klikkar du deg inn på og veljer betal.

først av alt går du inn på:  http://www.nkss.no/





trykk deg så inn på bli medlem.
På fylket trykk du deg inn på Møre og Romsdal, og under medlemstype vel du Lagsmedlem. Når du skal velje kva Lagsnamn/namn på skule er det viktig at du vel Volda kr. studentlag

Når du har valt det så kjem du inn på ei side der du fyll ut kontaktinfoen din, og dermed voilà er du medlem i VOKS.
Det kostar 100 kroner for heile skuleåret som vil sei at det kostar 3,33 pr. samling vi har.
Og det vil eg absolutt tørre og påstå at det er verdt!




Nestekjærleik!

Forrige torsdag hadde VOKS møte på bedehuset med temaet Nestekjærleik. Det var Sølve Hatlen frå frikyrkja som heldt apell for oss og lærte oss om korleis Jesus vil at vi skal spre den kjærleiken han har vist oss.

Møteansvaret denne veka fall på Ola som, etter at dei som skulle halde opninga forsvann uventa. Men Ola tok det på sparket og ordna opp som vanleg. 

Sølve ville foretrakk å stå på sin faste plass bak talarstolen der han fortalte oss om korleis vi kan følge Jesus og vidareformidle kjærleiken hans slik vi kan vere eit lys for verda.


 Sølve hadde også førebudd nokre spørsmål til ettertanke som VOKS-arane diskuterte i grupper.

Det offisielle møtet var avslutta med lovsong i regi av lovsongsteamet.

Etterpå var Solbjørg klar med spelekveld der alle i VOKS kunne vere sosiale og bli betre kjende med kvarandre!

torsdag 28. august 2014

Utsending av Kristine!


I kveld hadde vi utsending av Kristine. Kristine var ledar i VOKS i vår, og no i haust skal ho reise til Belgia og vere med drive det kristne studentlaget der (GBU) saman med to engelske jenter. Arbeide der går ut på å drive bibelgrupper på fleire forskjellege universitet, oppfølging av enkeltstudentar og starte opp ein kafé for internasjonale studentar. Der skal ho bu i to år og arbeide frivelig, ho er difor avhengig av sponsorar som kan vere med å støtte arbeidet dei skal drive der både økonomisk og ta med henne og arbeidet deira i bøn. Gåver kan settast inn på konto: 1207.12.39681
Om du ønsker å motta nyheitsbrevet kan du sende ein e-post til : kbleikli@gmail.com



Minikonsert med Micha`el Ben David!

I kveld har vi i VOKS hatt vår første møtekveld for hausten. Det vart holdt minikonsert på bedehuset med Micha`el Ben David, og utsending av vår kjære tidlegare leiar Kristine Bleikli.





Micha`el Ben David  delte sjølvkomponerte sangar med oss, dei var basert på Bibelen og mykje frå salmane. Etter kvar song fulgte ei lita bøn og ein introduksjon til den neste. Mykje herleg og flott musikk!


 Etterpå var det kaffi og kaker i godt selskap med VOKS-arane ! 


søndag 24. august 2014

studentgudstjeneste i Volda kyrkje

Idag klokka 19.30 opnar Voldakyrkje dørene sine for studentane, og skal ha ei gudtjeneste for å ynkje studentane velkomne tilbake til Volda.
Nokre av medlemmane i VOKS skal delta under gudstjenesta, og vi vonar at flest mogleg av medlemmane i VOKS møtar!
Vel møtt vonar å sjå deg der!


fredag 22. august 2014

Bli Kjent Kveld!

I går kveld hadde VOKS "Bli kjent kveld" på Årneset! Det var mange som tok turen innom, og det var spenande med så mange nye andlet og personlegheiter som gjennom året kjem til å sette sitt preg på oss i VOKS og kva vi driv med.

 Kvelden starta med litt info frå VOKS og KRIK, så litt om dei forskjellege meinigheitene som finnst omkring i studiebygda. 
Etterfulgt av nokre Bli kjent-leikar som for det meste tok stad i ring.


 Etterpå var det tid for grillmat og sosialt samvær, mange tok igjen det tapte frå sommaren medan andre var heilt nye og vart berre kjende med folk dei ikkje hadde kjenskap til frå tidlegare.


Haustværet har no teke over for sommaren i Volda,  likevel var det over 50 stk som møtte opp og hadde det kjekt ilag! 

torsdag 21. august 2014

Bli Kjent kveld info

I kveld klokka 19:30 brakar det laust med bli-kjend samling på Årneset!
Vi stillar med grillmat og drikke.
Så det einaste du må ta med er godt humør!
Om du ikkje er sikker på vegen så vil Karoline treffe deg ved Kiwien som ligg bortom Aasenbygget, og følgje deg på vegen!
Vonar å sjå deg der!
Vel møtt!



Karoline kan kontaktast på telefonnummer: 971 69 996

onsdag 20. august 2014

Stand på BK!

For dei som er interesserte i å lære meir om VOKS og kva vi driv med er det no en stand oppe å går på Berte Kanutte huset på høgskulen ! Kom innom og slå av ein prat med Ola, Truls, Sindre, Bjørn-Inge og fleire! Vonar å sjå dokke der !



tirsdag 19. august 2014

Studiestart!

I dag byrja eit nytt skuleår hjå Høgskulen i Volda. Været var ikkje på vår side, men godt humør var det ingen som mangla !
VOKS var på plass utanfor Berte Kanutte huset klare for å dele ut pølser og informasjon til alle dei nye studentane og fadderane. VOKS og KRIK delte stand og for å legge til litt ekstra spenning var VOKS klare med ein quiz om Volda, VOKS og Bibelen! 




VOKS og KRIK side om side

Internasjonale studentar frå høgskulen førte til ei spontanoversetting av quizzen og infoen om organisasjonane!