torsdag 28. august 2014

Utsending av Kristine!


I kveld hadde vi utsending av Kristine. Kristine var ledar i VOKS i vår, og no i haust skal ho reise til Belgia og vere med drive det kristne studentlaget der (GBU) saman med to engelske jenter. Arbeide der går ut på å drive bibelgrupper på fleire forskjellege universitet, oppfølging av enkeltstudentar og starte opp ein kafé for internasjonale studentar. Der skal ho bu i to år og arbeide frivelig, ho er difor avhengig av sponsorar som kan vere med å støtte arbeidet dei skal drive der både økonomisk og ta med henne og arbeidet deira i bøn. Gåver kan settast inn på konto: 1207.12.39681
Om du ønsker å motta nyheitsbrevet kan du sende ein e-post til : kbleikli@gmail.com



Minikonsert med Micha`el Ben David!

I kveld har vi i VOKS hatt vår første møtekveld for hausten. Det vart holdt minikonsert på bedehuset med Micha`el Ben David, og utsending av vår kjære tidlegare leiar Kristine Bleikli.





Micha`el Ben David  delte sjølvkomponerte sangar med oss, dei var basert på Bibelen og mykje frå salmane. Etter kvar song fulgte ei lita bøn og ein introduksjon til den neste. Mykje herleg og flott musikk!


 Etterpå var det kaffi og kaker i godt selskap med VOKS-arane ! 


søndag 24. august 2014

studentgudstjeneste i Volda kyrkje

Idag klokka 19.30 opnar Voldakyrkje dørene sine for studentane, og skal ha ei gudtjeneste for å ynkje studentane velkomne tilbake til Volda.
Nokre av medlemmane i VOKS skal delta under gudstjenesta, og vi vonar at flest mogleg av medlemmane i VOKS møtar!
Vel møtt vonar å sjå deg der!


fredag 22. august 2014

Bli Kjent Kveld!

I går kveld hadde VOKS "Bli kjent kveld" på Årneset! Det var mange som tok turen innom, og det var spenande med så mange nye andlet og personlegheiter som gjennom året kjem til å sette sitt preg på oss i VOKS og kva vi driv med.

 Kvelden starta med litt info frå VOKS og KRIK, så litt om dei forskjellege meinigheitene som finnst omkring i studiebygda. 
Etterfulgt av nokre Bli kjent-leikar som for det meste tok stad i ring.


 Etterpå var det tid for grillmat og sosialt samvær, mange tok igjen det tapte frå sommaren medan andre var heilt nye og vart berre kjende med folk dei ikkje hadde kjenskap til frå tidlegare.


Haustværet har no teke over for sommaren i Volda,  likevel var det over 50 stk som møtte opp og hadde det kjekt ilag! 

torsdag 21. august 2014

Bli Kjent kveld info

I kveld klokka 19:30 brakar det laust med bli-kjend samling på Årneset!
Vi stillar med grillmat og drikke.
Så det einaste du må ta med er godt humør!
Om du ikkje er sikker på vegen så vil Karoline treffe deg ved Kiwien som ligg bortom Aasenbygget, og følgje deg på vegen!
Vonar å sjå deg der!
Vel møtt!



Karoline kan kontaktast på telefonnummer: 971 69 996

onsdag 20. august 2014

Stand på BK!

For dei som er interesserte i å lære meir om VOKS og kva vi driv med er det no en stand oppe å går på Berte Kanutte huset på høgskulen ! Kom innom og slå av ein prat med Ola, Truls, Sindre, Bjørn-Inge og fleire! Vonar å sjå dokke der !



tirsdag 19. august 2014

Studiestart!

I dag byrja eit nytt skuleår hjå Høgskulen i Volda. Været var ikkje på vår side, men godt humør var det ingen som mangla !
VOKS var på plass utanfor Berte Kanutte huset klare for å dele ut pølser og informasjon til alle dei nye studentane og fadderane. VOKS og KRIK delte stand og for å legge til litt ekstra spenning var VOKS klare med ein quiz om Volda, VOKS og Bibelen! 




VOKS og KRIK side om side

Internasjonale studentar frå høgskulen førte til ei spontanoversetting av quizzen og infoen om organisasjonane!

mandag 18. august 2014

Rebusløp!

I morgon er det studiestart hjå Høgskulen i Volda! Den offisielle opninga finn stad i Berte Kanutte huset som blir etterfulgt av eit rebusløp der alle studentane vil bli introdusert til forskjellege organisasjonar dei kan ta del i på fritida. Deriblant VOKS! Tre av dei som skal sitte i styre no i haust er klare for å ønske alle velkomne tilbake til studiebygda og til VOKS. Sjå etter Janne Renate, Ruth og Ola i morgon under rebusløpet, der ventar smilande fjes og pølse i brød til dei som ønsker! Velkomne til Volda !


Haustprogrammet

VOKS er i gong igjen! Vi er klare til eit nytt skuleår og gledar oss til å bli kjente med nye andlet! Programmet for hausten er klart, legg det inn i kalenderbøkene og tell ned dagane for hausten er full av aktivitetar og lærerike møter.