Torsdag 07. mai. hadde vi "grill ein kristen" på VOKS
Vi samlast i kantina på BK.
 |
I panelet var Fredrik Lingås, Bjørn-Inge Aurdal, Anders Nybakk og Natalia Groot |
 |
Vi var rundt tretti frammøtte med mange spørsmål rundt tru, tvil og livet generelt. |
 |
Bjørn-Inge les opp spørsmåla som kom inn på mobilen og Anders gjer seg klar til å svare etter beste evne. |
 |
Natalia svarar på kva som er forskjellen mellom synd og fristelse |
 |
Anders reflekterar rundt svaret Natalia gir. |
Det var ein kveld der ein fekk inn mykje spørsmål, og det var interesant å sjå kor dei kristne tenkte rundt nokre av spørsmåla. Vi fekk diverre ikkje moglegheit til å svare på alle spørsmåla som kom inn, men mange vart att etter "grillinga" å forsatte diskusjonen med dei som sat i panelet.
Spørsmåla varierte veldig ifrå dei som var enkle å svare på som; "Kvifor velje kristendommen og ikkje t.d. islam eller hinduismen?", til dei spørsmåla som ein ikkje kan gi noko svart/kvitt svar på som, "Hvorfor er mange kristne imot abort? Er det ikke bedre å ta abort hvis man vet at barnet ikke får en god oppvekst? For eks. hvis mor/far er rusmissbrukere.
Til dei som ikkje følte at dei fekk svar på spørsmåla sine, oppmodar vi dykk til å ta opp spørsmåla med vener de veit er kristne. Det er betre å stille spørsmålet å få svar, enn det er å anta kva andre tenkjer!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar