Om oss



VOKS står for Volda Kristelege Studentlag, som går under den internasjonale organisasjonen Laget. Vi ynkjer å vere eit samlingspunkt for studentar som søkjer ein kristen møtestad i Volda. VOKS vil vere synleg i studentmiljøet og vere en arena for å dele livet, tru og tvil. VOKS er eit godt fellesskap der alle kan kjenne at de er velkomne.

Samlingene er for det meste på Bedehuset i Volda, og vi møtast kvar torsdag klokka 19:00! Nokre torsdagar iløpet av året har vi sosiale aktivitetar. Desse torsdagane er vi litt på forskjellege stadar i Volda. Ein kan finne oversikt over kva torsdagar dette er i porgrammet vårt, som du finn her på bloggen eller på facebooksida til VOKS.

Med oss kan du ta del i eit godt fellesskap, med spennande aktivitetar og gode samtalar gjennom året. Studentlaget bêr preg av at studentar flyttar til og frå, noko som gjer Volda kristelege studentlag både er dynamisk og variert. VOKS er til for studentane, og det er studentane som formar VOKS. Følg oss på Facebook eller hold deg oppdatert på denne bloggen. Velkommen til oss!

Her er VOKS-styret hausten 2015:



Under strategimøtet vart styret vedtatt med fleirtal. Styremedlemmane er; (frå venstre) Andreas Solbakken (PR-ansvarleg), Natalia Groot (Økonomiansvarleg), Bertine Bø  (sekretær og misjonsprosjektansvarleg), Linchen-Elise Nygård (VKS og bloggansvarleg/instagramansvarleg), Ina Kristine Rykkelid (Leiar), Sondre Stensbøl (Standansvarleg) og Solbjørg Kristine Stokken (nestleiar og bibelgruppeansvarleg).