lørdag 7. februar 2015

Bollebaking med noko attåt i VOKS


På torsdag laga vi fastelavensbollar på VOKS. 
Det var mange nye som kom til VOKS, så medan vi venta på at deigen skulle heve fann Ola ut at vi kunne ha nokre leikar saman, for at vi kunne verte bedre kjend med kvarandre.


Etter ei runde med "funky chicken",  gjekk vi vidare til leiken "bunny bunny, bunny bunny".
Dette gjorde at dei fleste fort trakk på smilebandet, og sjølv om det var ein smule kleint, så var det ei grei døropnar til å bli kjend med nye.

Etter intens leiking, var bolledeigen endeleg ferdigheva.


Noko som gjorde at alle fekk leitt fram "husmora" i seg, og heiv seg
over bolledeigen med stor entusiasme.

 Her er Sunniva og Tonje i full sving med bollebaking.



Det gav og rom for småsnakk, med dei ein ikkje hadde helst på før.

Ein fantastisk gjeng i full sving, nokon meir ivrige til å bake enn andre.

Så vart bollane satt til heving, og medan dei vart steikt satt vi oss rundt
småbord og holdt på med quis.

Dei første spørsmåla var i historie, etterfulgt av geografi, kultur, diverse og året 2014.

Konkuranseinnstinktet tok over hjå dei fleste.

Den andre delen av quissen var bilete av VOKSerar, og søsken til VOKSerane.
Så då skulle ein ut ifrå bileta kunne tippe kven som var avbilda.

Janne  kjempegira på å lese opp fasiten.

Etter opplesing av resultata var bollane ferdigsteikte. 

Noko som gjorde at folket strauma til.



Ekte fastelavensbolla med mykje krem.

Skrytebilete av kor fantastiske bollane vart.

Eit bilete seier meir enn tusen ord, og som ein kan sjå på dette bilete smakte bollane fortryllande.

Medan vi åt bollar, hadde Ola andakt. Han snakka om kva det vil seie å leve som ein disippel,
med utgangspunkt i Peter. Korleis det er viktig å forstå at det Jesus som gav livet sitt for oss, og at han ikkje forventar at vi skal kunne elske han på same måte som han elska oss. Vi skal leve livet vårt for Jesus, men om vi prøvar å elske Jesus med den same kjærleiken som han elska oss med vil vi ikkje strekke til. På same måte som Peter opplevde at han ikkje strakk til. Når han sa at han var villig til å døy for Jesus, men same natta fornekta at han kjende Jesus tre gonger. Ola viste og korleis Jesus møtte Peter i etterkant av at Peter svikta.

Ola avslutta med Bibelverset 1Joh 4:10 
"Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss
          og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre."

Etter andakta vart det tid for meir snakking rundt borda. Ein fantastisk kveld, med mange herlege folk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar