fredag 12. september 2014

Capture the flag!


I går hadde vi "capture the flag" på VOKS.Vi delte oss inn i to lag og ganske så fort var alvoret i gong.



Arnstein voktar grensa, men Anders Slinning utfordrar skjebna gong på gong for å vinne.

Førte til at Anders var ein av dei store heltane på sitt lag, og kapra flaske på flaske.
Her vert han ledsaga av Anders Boye, som hadde minst like stort konkuranseinnstinkt.
Med andre ord var dei like rapgalne begge to!


Det eine laget gøymde sine flasker (flagg) ned med elva. 
Noko som førde til at mange av deltakarane
fikk seg nokre herlege svømmeturar i kampens hete.

Heile laget samla seg saman for å verne om flaskene med ein gong nokon høyrde lydar.

                          
Håvard tok seg eit svalestup ned i elva for å få tak i ei flaske.



                                 
 Great success!



 Den andre gruppa hadde sin base i skogen. 
           Noko som gjorde at det vart ei heilt grei utfording
å få tak i flaskene når det byrja å bli mørkt.



Stig kjempa seg framover.



Laget samla seg i forsvar.



 Men på ein eller annan mystisk måte klarte han å vinne over det andre laget, 
og knabba med seg ei flaske tilbake til si base,

Når mørket kom smygande byrja nokon 
på dei forskjelle laga med haudelykter. 


Håvard Heimark leia ann.

  


Førte til at det laget som hadde færrast haudelykter gav seg.




Men den gode stemninga holdt fram, med "capture the flag" på området ifrå 
slakklina og mot skogen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar