mandag 8. september 2014

Korleis verte medlem i VOKS?

kjære godtfolk!
her kjem litt info om korleis ein kan verte medlem av VOKS.
VOKS er avhengig av støtte frå forskjellege samarbeidspartar for å få arrangert aktivitetar i løpet av året.
Jo fleire medlemmar vi har, jo meir støtte får vi, og jo meir støtte vi får desto meir kan vi ta av i løpet av året!
Om du ikkje er student ved høgskulen i Volda så kan du verte støttemedlem, det er berre å følgje instruksane som kjem nedanfor.
Med å støtte VOKS, støttar du og laget som gjer mykje bra arbeid rundt om på skulane og høgskulane i landet. Om du vil holde deg oppdatert på laget sitt arbeid på lagsarbeidet som skjer i ditt nærmiljø eller Noreg generelt kan du like Laget på: https://www.facebook.com/LagetNKSS?fref=ts og Laget i Møre og Romsdal som du finn her: https://www.facebook.com/lagetMR?fref=ts
På førehand takk!
Om du allereie har registrert deg (alså vore medlem i VOKS eller laget før) veljer du logg inn min side og går deretter inn på medlem som er til høgre i margen. Der klikkar du deg inn på og veljer betal.

først av alt går du inn på:  http://www.nkss.no/





trykk deg så inn på bli medlem.
På fylket trykk du deg inn på Møre og Romsdal, og under medlemstype vel du Lagsmedlem. Når du skal velje kva Lagsnamn/namn på skule er det viktig at du vel Volda kr. studentlag

Når du har valt det så kjem du inn på ei side der du fyll ut kontaktinfoen din, og dermed voilà er du medlem i VOKS.
Det kostar 100 kroner for heile skuleåret som vil sei at det kostar 3,33 pr. samling vi har.
Og det vil eg absolutt tørre og påstå at det er verdt!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar