mandag 8. september 2014

Nestekjærleik!

Forrige torsdag hadde VOKS møte på bedehuset med temaet Nestekjærleik. Det var Sølve Hatlen frå frikyrkja som heldt apell for oss og lærte oss om korleis Jesus vil at vi skal spre den kjærleiken han har vist oss.

Møteansvaret denne veka fall på Ola som, etter at dei som skulle halde opninga forsvann uventa. Men Ola tok det på sparket og ordna opp som vanleg. 

Sølve ville foretrakk å stå på sin faste plass bak talarstolen der han fortalte oss om korleis vi kan følge Jesus og vidareformidle kjærleiken hans slik vi kan vere eit lys for verda.


 Sølve hadde også førebudd nokre spørsmål til ettertanke som VOKS-arane diskuterte i grupper.

Det offisielle møtet var avslutta med lovsong i regi av lovsongsteamet.

Etterpå var Solbjørg klar med spelekveld der alle i VOKS kunne vere sosiale og bli betre kjende med kvarandre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar