tirsdag 23. september 2014

"VOKS dypere"

I helga var vi på tur til "Fjellseter ungdomssenter". Vi var rundt 30 stk som var samla og hadde fokus på å bli bedre kjend med våre eigne styrker, dei andre deltakarane og Gud.



                                            
Andreas i full sving på kjøkkenet. Så dreven at han får det ut til å sjå festleg ut å skjære lauk.


                                       
 Vi starta helga med å ha uncoverkurs  i smågrupper, noko som var heilt fantastisk. Dette gav oss moglegheita til å diskutere tru, og til å sjå Bibeltekstane henta ifrå Lukas frå ein annan synsvinkel.



På laurdag vart vi ein gjeng som padla oss ein tur, og tende bål som vi samlast rundt medan vi åt lunsj.

Bålet tok en smule av, men no worries fordelen med å ha med seg friluftslivfolk er at dei har full kontroll på det meste. 

Friluftslivfolk vert og veldig fasinert over dyrelivet/insektslivet. Som gjorde at dei fort vart litt "fanga" i si eiga verden. 


Truls laga så mykje styr at vi satt han i frå oss på ein holme....



Mellom samlingene greip Natalia moglegheita til å flette hår(noko som ho er ekstremt dyktig til)

På kvelden delte vi oss igjen i smågrupper og gjekk igjennom styrkene til dei forskjellege på gruppa. Det vart veldig godt å få bekrefta eigne styrker, samtidig som ein vart meir merksam på styrkene til dei andre i VOKS. 


 Som ein kan sjå på bilete over består VOKS av ein fantastisk gjeng med mange gode styrker.
Om du har høyrt andre fortelje om strenghtsfinder, og kunne gjerne ha tenkt deg å finne dine eigne styrker så kan du kontakte Janne-Renate (på facebook sidan ho mista mobilen iløpet av helga) så får du kode og bok med henne. (boka kostar 200 kroner)




Vi avslutta helga med at Bjørn-Inge fortalde om kvinna som salva føtene til Jesus, og kor Jesus vart møtt av denne kvinna iforhold til korleis Simon behandla han. Og kor mykje kjærleik Jesus hadde for dei beste. (anbefalar deg å lese historia sjølv! du finn den i Luk 7:36-50)



Takk for ei fantastisk helg!
Så herleg å tilbringe ei helg saman med så mange supre folk!
God bless!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar